Hopp til hovedinnhold
Ambulansestasjonen på Bømlo. Foto: Live Oftedahl
Frå ambulansestasjonen på Bømlo. Foto: Live Oftedahl


Lærlingar i ambulansefaget: Gler seg til å gå på jobb kvar dag

Dei føler seg privilegerte, og angrar ikkje på yrkesvalet.

Men likevel er dei usikre på kva framtida bringer, skriv Helse Fonna i eit intervju med ambulanselærlingane på Kvinnherad.

Ambulanselærlingane på Kvinnherad ambulansestasjon representerer store delar av Sunnhordland. Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik (18) er frå Fitjar, Elise Heimark (21) kjem frå Austevoll, medan Eirin Breive Hegland (21) er frå Matre i Kvinnherad.

Dei tre storkosar seg på jobb – kvar dag – og har det som plomma i egget. For som dei seier: Ingen dagar er like, dei veit aldri kva som vil skje, og dei lærer mykje. At arbeidsmiljøet er bra, har sjølvsagt også mykje å seie.

Deler husvære

Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik gjekk første året på helsefag på Fitjar vgs, før ho tok ambulanselina på Os vgs.

Dei to 21-åringane har gjort litt anna i mellomtida, før dei enda opp på ambulanseline. Eirin Breive Hegland gjekk i Sauda, medan Elise Heimark reiste heilt til Karasjok. Der likte ho seg så godt at ho ikkje ser vekk frå at ho reiser nordover att etter at læretida er over. 

Både Rebekka og Elise hadde ambulansestasjonen på Stord på førsteplass då dei søkte lærlingplass. Men begge er glade for at dei hamna på ambulansestasjonen på Husnes.

– Hadde eg vore på Stord hadde det blitt ein del utrykkingar til Fitjar, der eg kjenner dei fleste. Det hadde ikkje vore så kjekt. I tillegg får vi vere med på ambulansebåten her. Det får vi ikkje andre stader,  seier Hrafnsdottir Tverborgvik. 

– Her er det meir køyring, og meir pasientkontakt, supplerer Heimark.

For å sleppe all pendlinga deler dei to husvære på Husnes.

For Eirin Breive Hegland, som kjem frå Matre, var det naturleg å søkje seg til Husnes. Som så mange andre ambulanselærlingar i Helse Fonna så gjekk ho på ambulanselina i Sauda.

Vanskeleg å få fast jobb

Dei tre lærlingane fortel om eit godt læringsmiljø, nok av utfordringar, og ein fin kombinasjon av teori og praksis. Dei angrar ikkje på yrkesvalet, men er likevel usikre på kva framtida bringer. Årsaka er at det ikkje er lett å få fast jobb i ambulansetenesta.

- Først er det vanskeleg å komme inn på ambulanselina. Det er få plassar og mange om beinet. Så er det ikkje alle som får læreplass, og når ein har fagrevet er det jammen ikkje lett å få seg fast jobb heller, fortel Elise Heimark.

Dei tre lærlingane føler seg privilegerte, men tenkjer også kva dei skal gjere seinare.

Rebekka vurderer å utdanne seg meir, til døme sjukepleie, eller i saniteten i Forsvaret. Elise vurderer å reise nordover att, der det er lettare å få fast jobb, medan Eirin drøymer om ei framtid i redningstenesta i 330-skvadronen. Men der er nålauga endå trongare …