Hopp til hovedinnhold


Kvalitetspris til akuttmedisin og intensivmedisin

Seksjonsoverlege og amanuensis Guttorm Brattebø ved Akuttmedisinsk seksjon og professor dr. med. Hans Flaatten ved Intensivmedisinsk seksjon er tildelt kvalitetsprisen på den fjerde kvalitetskonferansen i Helse Vest. Begge legane høyrer til ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen.

Seksjonsoverlege og amanuensis Guttorm Brattebø ved Akuttmedisinsk seksjon og professor dr. med. Hans Flaatten ved Intensivmedisinsk seksjon er tildelt kvalitetsprisen på den fjerde kvalitetskonferansen i Helse Vest. Begge legane høyrer til ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen skriv dei i en pressemelding på sine nettsider.

Brattebø er heidra med prisen på grunn av arbeidet med det såkalla BEST-prosjektet, som han var med å starte i 1996. BEST står for ”Bedre og systematisk teamtrening” og målet for prosjektet er blant anna teamsamarbeid, kommunikasjon og leiing av team. I prosjektet er det utvikla ein kursmodell for tverrfagleg trening for personar som høyrer til akutt- og traumeteam ved dei ulike sjukehusa.

- Det er svært hyggeleg å få denne prisen og dermed ei viktig verdsetjing av det arbeidet som er gjort i BEST-prosjektet. Vi har arbeidd målretta med BEST i snart 15 år og det er innarbeidd i den daglege drifta. I Noreg er det no meir enn 5000 personar som har delteke på kurs i regi av BEST, og flest av dei i Helse Vest. Til sjuande og sist er det pasientane som skal nyte godt av at helsepersonell har lært seg å samarbeide betre og gjere dei rette tinga i rett rekkefølgje og på rett måte, når ulukker eller akutte hendingar er eit faktum, seier Guttorm Brattebø.

Hans Flaatten fekk den andre prisen, som i følgje grunngivinga til komiteen er gitt fordi han gjennom ei årrekkje har stått sentralt i forbetringsarbeidet i Helse Vest. Engasjementet hans involverer alle dei fire temaa for kvalitetssatsinga i Helse Vest: Kunnskap, pasientfokus, pasienttryggleik og resultatmålingar.

Les meir hjå Helse Bergen