Hopp til hovedinnhold
Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Foto: Fagforbundet.
Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Foto: Fagforbundet.


Kva skal ambulansetenesta vere?

21. september er ambulansepersonelldagen. Då skal folka som er der først når me vert utsett for ei ulykke eller akutt sjukdom feirast og synleggjerast. Lovorda sit laust frå mange hald, òg frå oss i Fagforbundet – og det er vel fortent. Men det er ikkje mangelen på skryt som plagar ambulansetenesta.

Dette er en kronikk, skrevet av Iren Luther, leder av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Dette er et innlegg som representerer skribentenes meninger. Hvis du ønsker å sende inn et kronikkforslag, kan du sende her.

Som alle andre deler av helsetenesta er ambulansetenesta under kontinuerleg endring. Sånn er det, og me i Fagforbundet opplev at våre medlemmar er framoverlente og strekk seg langt for å utvikle tenesta. Likevel er det ein del som er uavklart.

Ta paramedisinarane. Dei er eit viktig tilskot til ambulansetenesta. Dei har ei annleis kompetanse enn ambulansearbeidaren og kan kanskje bidra med andre ting. Men heilt kva rolle dei skal ha er det vanskeleg å finne nokon konsensus om ute i tenestene. Somme satsar hardt på paramedisinarane, somme er avhaldande. Somme lønnar dei som høgskuleutdanna, medan somme lønnar dei som fagarbeidarar. Bilete er veldig fragmentert.

Samstundes har me mange som allereie jobbar ute i tenestene som har tatt vidareutdanning som Nasjonal Paramedic. Dei er i ein slags limbo. Dei har solid grunnkompetanse som ambulansearbeidarar, med masse realkompetanse og ei god vidareutdanning. Men dei er litt usynlege. Litt sett til sides. Fagforbundet meiner at dette er ei uakseptabel situasjon. Me må anerkjenne dei, vise at me ser kompetansen deira og vise at dei er ynskja. Overgangsordninga til paramedisinar autorisasjon må rett og slett på plass.

Men kva med ambulansearbeidaren? Dei er ryggrada i tenesta vår, og bar den lenge åleine. Dei fortener at me er tydelege med kva som er deira framtid. Skal paramedisinarane erstatte dei, og fagarbeidaren fasast ut, sånn som enkelte ser ut til å tenkje? Svaret er ganske enkelt: nei. Me kan ikkje sjå på at ein snakkar ned ambulansearbeidaren sin kompetanse. Me kan ikkje la dei sakte bli fasa ut. Ambulansearbeidarane er ekspertar som reddar liv kvar dag. Dei har ein unik kompetanse og ei utdanning som kombinerer solid teoretisk kunnskap med ei lang praktisk læretid kor ein opparbeider seg mykje praktisk kompetanse.

Den prehospitale tenesta skal ikkje og må ikkje bli ein arena for profesjonskamp. Me er alle heilt avhengige av ein god ambulanseteneste, med dyktige, motiverte tilsette som trivst og blir sett. Men skal me få til det må ein få ein tydelegare plan, og faktisk anerkjenne og nytte den massive kompetansen som ambulansepersonellet har. Det jobbar me for kvar dag, anten det er 21. september eller 21. mai.

Iren Luther, Fagforbundet