Akuttkjeden

Kritikk mot ambulanserutinar
Kommunlege Ole M. Thorseth orienterte først om retningslinene som ambulansepersonalet har i slike saker.
Konklusjonen hans var at i utgangspunktet skal alle som skal til sjukehus frå Vaksdal kommune, også dei med akutte skadar, sendast til sjukehus på Voss.
På spørsmål frå salen måtten han vedgå at kompetanse og kapasitet var betre på Haukeland enn på Voss.
– Då driv ein ei teneste med ressursmessig risiko. Eg kan ikkje fatta og begripa at ikkje vakthavande lege og ambulansepersonell kan gå inn og overstyra dette. Når dei er midt oppe i ein kritisk situasjon så må dei ha myndigheit til å seia at me reiser til Bergen med pasienten, og ikkje til Voss, sa Svein Boge frå Vaksdal Høgre som tok opp denen saka i formannskapet.
Les meir om saka hjå Vaksdalposten