Innenriks

Krevjande med 1000 personar involverte i øvinga, men «Øvelse Tyr» fungerte

Publisert Sist oppdatert

«Det som skulle fungere har fungert». Dette er konklusjonen til beredskapsdirektør Kåre Songstad i Politidirektoratet etter at den store redningsøvinga i ytre del av Sognefjorden er avslutta, skriv NRK Sogn og Fjordane.
– Korleis var samarbeidet med helsepersonell?
– Eg synest ikkje det var godt. Eg synest dei vimsa litt for mykje. Eg meiner at dei som var hardast skadde låg lenge åleine, fortel ein markør.
Øvinga med namnet «Øvelse Tyr» handla om å redde folk etter ein kollisjon mellom ei bilferje og ein snøggbåt i fjorden utanfor Leirvik i Hyllestad. Bilferja «Dalsfjord» og snøggbåten «Frøya» hadde rollene som dei to fartøya.
Det var kaldt både i vatnet og i lufta, og det var viktig å berge folk så raskt som mogeleg.
Og det var ei svært omfattande øving med rundt 1000 personar involverte på eitt eller anna vis. 100 av dei var markørar, mange med alvorlege skadar.
– Dette er den øvinga Politidirektoratet gjennomfører ein gong i året, det er ei nasjonal øving. Denne gongen er øvinga lagt til Sogn og Fjordane, og den er lagt slik at vi kan øve på moment som oppstår når ei ulukke skjer mellom to fylke, to alarmsentralar og to sjukehusområde. Det er også fleire kommunar involverte, sa Beredskapsdirektør Kåre Songstad i Politidirektoratet til NRK.
I alt var meir enn 30 verksemder/etatar med på øvinga. Politi, brann, helseetatar, Hovudredningssentralen, Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap, Sivilforsvaret, Heimevernet, Kystvakta, Redningsselskapet, Fjord1, Norled, Røde Kors var representerte, i tillegg til fleire friviljuge.
Ei lang rekkje ambulansebilar, luftambulansen og eit redningshelikopter var og involvert.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS