Hopp til hovedinnhold


Krev faste responstider

På Høgre sitt landsmøte heldt Noralv Distad eit innlegg der han argumenterte for fast responstid for alle naudetatar, skriv Sogn Avis.

Distad meiner Noreg må læra av dei store ulukkene i Indre Sogn.

Nærleik

Den framtidige organiseringa av politi, brann og beredskap og ambulanse må sikra nærleik til dei som skal yta hjelp og dei som treng hjelp. Dette står ikkje i motstrid til det å satsa på sterkare fagmiljø og auka evne til både førebygging og det å takla store hendingar og krisesituasjonar.

Aurlandsordføraren argumenterte for at alle naudetatar må ha kort og fast responstid, dette er avgjerande for å gje livreddande hjelp. I dag kjem det kommunale brann og redningstenesta som regel fyrst til staden. Det vert opplevd som krevjande, og det understrekar kravet om at alle etatar yter hjelp raskt og effektivt.

– Alle skal ha tryggleik

– Det er heilt nødvendig å sjå brann og redning i samanheng med framtidig organisering av politi og ambulanseteneste. 

Les meir om saka hjå Sogn Avis