Hopp til hovedinnhold


– Kolossalt nøgd

Utrykkinga i Surnadal var berre eit spel for å betre beredskapen. No er dei førebudde når ei skikkeleg katastrofe melder seg, seier leiinga for øvinga til NRK Møre og Romsdal.
Katastrofeøvinga var ein av dei største som nokon gong har vore gjennomført i Midt-Noreg. I øvinga vart det simulert ein gasseksplosjon på Surnadal vidaregåande skule.
 
Reidar Brøske, som stod i leiinga for øvinga, seier at dagen har vore svært vellukka. Han synst at øvinga viste at dei er klare viss ei ordentleg krise skulle ramme dei. Men éin ting gjekk ikkje som det skulle.
– Det viste seg at teknikken svikta oss, slik som det i dei fleste krisetilfelle gjer. Vi fekk problem med sambandet slik at det vart ei utfordring å kommunisere med kvarandre, seier Brøske.

Svært vellukka

Sett vekk ifrå tekniske utfordringar så meiner Brøske at øvinga gjekk svært bra. Han har òg fått tilbakemeldingar frå deltakarane om at det heile var veldig profesjonelt.
– Det som imponerte meg aller mest var innsatsen til dei som deltok. Alle tok øvinga svært alvorleg, seier han.
Brøske seier at dei no er mykje meir førebudd på ei reell katastrofe. Over 1000 personar var involvert i øvinga. Blant dei var 80 redningspersonell, 15 utrykkingskøyretøy, redningshelikopter og fleire ambulansehelikopter. I tillegg var over 200 elevar og lærarar frå Surnadal vidaregåande skule med i øvinga.
Les meir om saka og sjå bilete hjå NRK