Ambulanseorganisering
Klagar på treg ambulanse
Pasient meiner helsehjelpa kom for seint fram, melder Sogn Avis.
Bakgrunn: Utan ambulanse i ei månad
Meir om: Ambulansesak i Balestrand
Les og: Står utan ambulanse – no skal kommunetilsette rykkje ut når noko skjer
Sidan 1. september har balestrendingane vore utan eigen ambulanseog hjelp har kome frå Høyanger eller Leikanger/Sogndal.
Balestrendingane har ved fleire høve ytra uro over at det tek 40–80 minuttar å få akutthjelp. Blant anna vart dette understreka tydeleg då saka vart drøfta i kommunestyret. No har første klagen på ordninga hamna på bordet til fylkeslegen.
– Klagesaka går i korte trekk ut på at ambulansen brukte for lang tid på å koma fram til pasienten. Pasienten hadde ein tilstand der tidsfaktoren er avgjerande for utfallet. Hendinga skjedde for ei stund sidan, men i perioden me har vore utan eigen ambulanse. Pasienten har sendt klagen i samråd med meg, seier Gunnar Engan, kommunelege i Balestrand.
Gunnar Engan har vore kommunelege i Balestrand sidan 1979, og situasjonen kommunen er hamna i no er ny.
– Det er første gong på mine 34 år her at me ikkje har eigen ambulanse. I 1995 var det truga med å ta den vekk, det same hende i 2002, men begge gongene fekk me behalda tilbodet, seier Engan.
Han likar dårleg signala om at tida truleg er forbi med at eigen ambulanse er stasjonert i bygda.