Hopp til hovedinnhold
Ambulanse. Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl
Ambulanse. Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Kan tvingast til å køyre traumepasientar forbi Volda sjukehus til Ålesund

– Det er fleire døme på traumepasientar som ikkje ville ha overlevd turen til Ålesund.

Dette sier tidligere ambulansesjef for Ørsta-Volda Hogne Grebstad til et intervju til Møre-Nytt (krev innlogging).

Han gjev si fulle støtte til personelle på legevakta/ambulansetenesta i Hovdebygda etter innlegg Mørenytt 9 februar. Nyleg ropa dei eit varsku om at sterke krefter vil ta frå Volda sjukehus statusen som traumesjukehus.

– Det som skjer, er ein maktkamp for å styrke Ålesund sjukehus og svekke Volda sjukehus – og det er pasientane som vert skadelidande, seier Grebstad.

– Og vi har altså fleire døme på traumepasientar som har berga livet ved at ambulansepersonellet har køyrt den kortaste vegen til Volda sjukehus – der det har blitt oppdaga indre blødningar, som vart stoppa. Pasientane ville ikkje ha overlevd den lange turen med bil-ambulanse til Ålesund, seier Grebstad.

Om luftambulanse er tilgjengeleg, går då turen til Ålesund sjukehus. Om luftambulanse ikkje er på staden: Ved behov for rask stabilisering skal pasienten til Volda sjukehus. Men når det ikkje er behov for rask stabilisering, skal pasienten til Ålesund sjukehus.

Ambulansefolka har ansvaret

Dette er ikkje alltid like lett å bedømme – til dømes: Ved indre blødning kan pasienten verke frisk og rask, men så kollapse etter ei tid.

– Og etter helsepersonell-lova er det ambulanse-personellet som er juridisk ansvarlege fram til pasienten er overlevert til lege eller sjukehus. Med andre ord: Let ambulansepersonellet seg presse til å køyre forbi Volda sjukehus og til Ålesund – og det går gale – står dei juridisk ansvarlege om det skulle kome søksmål.

Som godkjend helsepersonell må ambulansepersonellet ta avgjerda sjølve. Dei er nærast pasienten, og for AMK-personell eller traumelegar kan det vere vanskeleg å konkludere via telefonen.

Så ved den minste tvil om indre blødning eller anna alvorleg skade rår eg ambulansepersonellet til å køyre til Volda sjukehus, som har svært god kompetanse på traumebehandling, tilrår Grebstad.

Samtalane med AMK og traume-lege er rådgjevande, og ambulansepersonellet er altså juridisk ansvarlege fram til overlevering av pasienten. Og vi har fleire døme her til lands på ambulansefolk som har blitt dømde.