Ambulanseorganisering

Kan miste to ambulansar

Publisert Sist oppdatert

Vanylven og Ulstein mister ein ambulanse kvar, dersom Ambulanse Midt-Norge vedtar administrasjonen sitt forslag, skriv Sunnmørsposten.
Les også: Protest mot kuttforslag
Styret i Ambulanse Midt-Norge skal komande torsdag forsøke å kutte 25 millionar kroner i ambulansebudsjettet.
Eitt av dei forslåtte tiltaka er å fjerne dagambulansen i Vanylven.
Å fjerne dagambulansen i Vanylven vil gje redusert beredskap, men det blir vurdert som forsvarleg mht. total oppdragsmengde, skriv administrasjonen i sakspapira.
Av totalt ti kuttforslag er fem i Trøndelag, tre på Nordmøre og to på Sunnmøre.
– Vi er 25 millionar kroner unna balanse, og vi har plikt til å levere eit budsjett i balanse, seier styreleiar i Ambulanse Midt-Norge, Petter Bjørdal, til Sunnmørsposten.
Les meir om saka hjå Sunnmørsposten

Powered by Labrador CMS