Hopp til hovedinnhold


– Vi hadde aldri overlevd natta i fjellet. Rettar stor takk til Røde Kors-folka som berga liva til broren, sonen, og han sjølv.

- Røde Kors-folka berga liva våre. Vi kunne klart oss eit par timar til, men vi hadde aldri overlevd natta, seier Jarle Hjelmeland.

Jarle Hjelmeland (56) frå Nordfjordeid vart berga ned frå Eidskyrkja i orkan seint laurdag kveld, skriv Møre-Nytt (krev innlogging)

Dei to andre som vart berga er sonen hans, Kristan (13), og broren til Hjelmeland, Per Inge (58).

– Kjensla då eg såg lyskasta- rane frå bergingsmennene var ubeskriveleg. Det er det største eg har opplevd i løpet av heile livet. Og eg er fylt av takksemd overfor bergingsmannskapet. Det er nok ikkje alle bergingsmenn som hadde gått opp i fjellet under dei forferdelege forholda som rådde.

Starta fint

Trioen byrja turen i fine forhold frå Grøndalen.

Dei visste at vermeldinga sa det skulle bli vind i høgda til kvelden, men rekna med at dei hadde god tid. Då dei kom til toppen rundt klokka 14.30, merka dei at det byrja å kome nokre vindkast, men ikkje noko dramatisk.

Så vart det raskt verre, dei vart desorienterte på nedturen, gjekk feil, snudde oppatt for å finne rett veg, og då sette uveret inn for alvor.

– Det var som om nokon skrudde på ein brytar: Snart var det orkanbyger og nesten ingen sikt i det heile. Då ringde vi Redningssentralen. Loggen viser visst at vi ringde klokka 15.59. Då fekk vi beskjed om vere der vi var, og grave oss ned. Det klarte vi aldri skikkeleg, sidan vi grov med skituppane, og den vesle hola bles igjen.

I staden gjorde dei gymnastisk øvingar og sprang litt rundt på staden for å halde varmen. Det var iskaldt: Seksten kuldegrader i vindbygene.

Miste motet

– Eg sa til dei andre at «dette går bra», etter kvart som timane gjekk, miste eg motet, utan å seie noko om det. Å sjå sonen min på tretten miste kreftene, og ikkje ha same energien i kroppen lenger då han prøvde å halde varmen, er det verste eg har opplevd nokonsinne...

Livet i gåve

– Men så! Klokka 21.30 såg vi lyskastarane, og livsgneisten kom tilbake. For ein fantastisk innsats bergingsmannskapet gjorde! Dei gav oss livet på nytt.

– Turgåarane gjorde heilt rett då dei valde å grave seg ned og be om hjelp. Og halde seg på staden. Om dei hadde forsøkt å ta seg ned av fjellet sjølve under dei forholda, ville det ha vore svært farleg, fortel leiar i Volda Røde Kors, Tormod Eld- holm.

Han var med på bergingsaksjonen laurdag kveld, saman med tjue andre frå Røde Kors i Volda, Ørsta og Stryn.

Eidskyrkja er svært farleg når det er dårleg ver. Oppe på toppen er det vidt og flatt, og ein ser ikkje mykje konturar. Når ein skal nedatt, må ein treffe tre ganske smale nedgangar mot Grøndalen, Skinvika eller Rindalen. Treff ein ikkje desse, er ein ferdig: Då møter ein på stup.

Rapporten

Utdrag frå rapporten til Ørsta Røde kors hjelpekorps:

«Dette var ein særdeles strabasiøs aksjon som etter alt å dømme berga tre liv. Utan ny teknologi som GPS, mobiltelefon app’ar og spesielt nødnett så hadde det teke mykje lenger tid.

Fem personar frå Volda RKH/ skredgruppa vart skyssa så langt inn i fjellet det var mogleg med snøskuter. Desse starta så å gå mot toppen av fjellet. Været var ekstremt.

Full storm med orkan i kasta og nedbør gav ei sikt på 5-10 meter. Men med GPS og live tracking av Røde Kors patrulja kunne personell i Volda rettleide dei fram til dei tre værfaste. Dei vart funne ca klokka 2130.

Dei åtte som var på toppen av fjellet starta ca klokka 22 turen nedover. Vel nede på Skinnviksetra, ca 23:30, kunne alle kome inn i ei varm hytte.»