Barn
Ingen barn omkom i bil i 2010
For første gong på 40 år omkom ingen barn i bilen i fjor. – Betre sikring, meiner Vegvesenet.
For første gong på 40 år omkom ingen barn i bilen i fjor. – Betre sikring, meiner Vegvesenetifølgje NRK Nyheter.
I fjor misste fem barn livet i trafikken, mot 101 i 1970. Ingen av dei fem barna sat i bilen då dei omkom, og det er ifølgje Aftenpostentruleg første gong sidan 1970 at ingen barn omkom på denne måten.
– Sjølv om kvart barn som døyr er eitt for mykje, så er dette gledelege tal, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).
– Blir neppe null
Ho meiner tala viser at utviklinga går rett veg og at innsatsen med sikrare bilar og vegar gir resultat.
– Sjølv om vi neppe nokon gong når nullvisjonen vår, så er det den vi jobbar mot. Det som har gitt resultat, er førebyggande arbeid kombinert med skarpe reaksjonar på overtramp, seier statsråden.
Statens vegvesen meiner betre sikring av barna i bilen er ei av dei viktigaste årsakene til den positive utviklinga.