Hopp til hovedinnhold


– Ikkje forsvarleg

 Fylkesmannen har sett på ambulansesituasjonen i Balestrand, skriv Sogn Avis.
Fylkesmannen har konkludert i tilsynssak som vart opna på bakgrunn av brev frå Balestrand kommune 08. november, der det går fram at Helse Førde ikkje lenger har ambulansestasjon i Balestrand.
Ved uttrykking frå Høyanger vil responstida vera om lag 40 minutt for oppdrag i Balestrand sentrum og meir for dei delane av Balestrand som ligg lengst frå Høyanger.
Vanskelege veg- og vêrforhold og auka samstundeskonfliktar vil kunne gjera responstida lengre. Helse Førde har i dag ikkje ordningar som kompenserer for desse faktorane. Fylkesmannen vurderer at Helse Førde si ambulansedekning for Balestrand kommune ikkje er i samsvar med forsvarlegkravet i spesialisthelsetenestelova.
Fylkesmannen pålegg Helse Førde innan 10. januar å gjera greie for kva løysing dei vel for å gjera tenesta forsvarleg.
Les meir om saka hjå Sogn Avis