Ambulanseorganisering

- Ikkje berekraftig utvikling av helsetenestene

Helse Førde: Det er ikkje rekna på kostnad knytt til oppgradering av ambulansetenesta, konsekvensar av større pasientlekkasje frå helseføretaket, auka transportkostnader, omstillingskostnader og store investeringskostnadar ved sentralsjukehuset. Endringar av ein slik karakter må konsekvensutgreiast og det må utarbeidast risiko- og sårbarheitsanalyse, skriv kommunane i Nordfjord i ein felles høyringsuttale til Helse Førde sitt strategidokument.

Publisert Sist oppdatert

Helse Førde: Det er ikkje rekna på kostnad knytt tiloppgradering av ambulansetenesta, konsekvensar av større pasientlekkasje frå helseføretaket, auka transportkostnader, omstillingskostnader og store investeringskostnadar ved sentralsjukehuset. Endringar av ein slik karakter må konsekvensutgreiast og det må utarbeidast risiko- og sårbarheitsanalyse, skriv kommunane i Nordfjord i ein felles høyringsuttale til Helse Førde sitt strategidokument.

Vidare: det kan ikkje aksepterast at eit føretakstyre skal kunne omgjere lokalsjukehus til lokalmedisinske senter, fjerne akuttfunksjonar og legge ned fødeavdelinga. Dette er heilt klart eit politisk ansvar. Dette er store strukturendringar som må leggast fram for regjering og storting til avgjerd.

– Modellvalet som Helse Førde legg fram kjem som ein konsekvens av den økonomiske situasjonen til helseføretaket og ikkje som eit resultat av ei grundig utgreiing av ei berekraftig utvikling av helsetenestene i Sogn og Fjordane.

Les meir om dette i Fjordabladet

Powered by Labrador CMS