Medieklipp
I vegen for ambulansen
– Ja, det har vorte ei utfordring med parkeringa her oppe, stadfestar Knut Morten Ask, leiar av ambulansetenesta i Sauda, som fryktar at den utbreidde feilparkeringa ein dag kan koma til å sperra vegen for ein ambulanse under utrykking.
– Ja, det har vorte ei utfordring med parkeringa her oppe, stadfestar Knut Morten Ask, leiar av ambulansetenesta i Sauda, som fryktar at den utbreidde feilparkeringa ein dag kan koma til å sperra vegen for ein ambulanse under utrykking, skriv Ryfylke.
– Me har heldigvis ikkje hatt hendingar der ambulansen ikkje har kome fram. Men me vil heller vera i forkant enn i etterkant, presiserer Ask om kvifor han nå roper eit varsku i håpet om at folk vil hugsa på at ein ambulanse under utrykking må fram der og då og visa respekt for skiltinga.
- Kommunen bør vurdera å taua vekk bilar om ikkje denne praksisen opphøyrer, meiner kommuneoverlege Brita Øygard.