Aktuelt
I same bygg
Hell i uhell: Ein fire år gammel jente som vart funnet med eit tau rundt halsen i barnehagen i Aukra fekk raskt hjelp - lege og ambulanse var berre få meter unna, skriv NRK Møre og Romsdal.
Etter at jenta vart funnen, gjekk det berre sekund ifylgje ordførar Bernhard Riksfjord, før ho fekk helsehjelp.
Både lege og ambulanse var til stade og avgjorde raskt å sende fireåringen med luftambulanse til St. Olavs Hospital i Trondheim. Sjukehuset opplyser at skadane er alvorlege og at tilstanden er stabil.
– Alt vart gjort etter boka då jenta vart funnen, seier Riksfjord.
Foreldre får informasjon
Kommunen sender no ut informasjon til alle barnehageforeldre om kva som har skjedd.
Les meir om saka hjå NRK