Utenriks
I natt måtte brannvesenet rykke ut 70 gonger
Opptøyane og brannane held fram i Stockholm, for femte natta på rad. No er det spreidd seg til innvandrarbydelen Rinkeby, melder NRK Nyheter.
Det brann i bilar, skular og butikkar i forstadane til den svenske hovudstaden i natt. Fleire stadar vart det kasta stein mot politiet, som i natt arresterte minst 12 ungdommar for hærverk og mistanke om brannstifting. Også ein politistasjon vart tent på.
I innvandrarbydelen Rinkeby gjekk minst fem bilar opp i flammar torsdag kveld, og over 500 ungdommar hadde samla seg på eit tog. Her vart det også gjort store skadar i fleire butikklokale.
– Folk er forbanna
Det var ein opprørt stemning i bydelen, der mange samla seg for å vise avsky mot vandaliseringa, som no har halde på i fem netter.
Stockholm-politiet meiner likevel natta har vore rolegare enn dei tidlegare nettene. Dei meiner eit auka oppmøte av frivillige organisasjonar har bidratt til dette.
Les meir om saka hjå NRK