Hopp til hovedinnhold


Hyllar lokalsjukehuset

– Ei stor bragd å handtera så mange pasientar etter brannen, seier Mads Gilbert til Sogn Avis.
Den kjende legen Mads Gilbert meiner innsatsen på Lærdal sjukehus nok ein gong viser at norske lokalsjukehus saman med lokal ambulanseteneste og medisinske naudhjelpstenester dannar ryggrada i lokalsamfunnet sin medisinske katastrofeberedskap.
Han har skrive eit brev stila til alle dei tilsette på sjukehuset.

– Vist veg

– Personalet ved Lærdal sjukehus har gjennom innsatsen sin, vist veg for oss alle som arbeider med lokal og nasjonal medisinsk akutt- og katastrofeberedskap, skriv han i brevet.
Han meiner det er ei stor bragd for eit lite lokalsjukehus å ta i mot rundt 400 menneske til medisinsk vurdering og handtera 50-60 akutte innleggingar i ein katastrofesituasjon.
På Lærdal sjukehus set dei stor pris på brevet.
Les meir om saka hjå Sogn Avis