Hopp til hovedinnhold


– Hit, men ikkje lenger

Ambulanse fekk ikkje køyre om bord, sjølv om ferja var langt fra full, skriv Sunnmørsposten.
Søndag opplevde ein ambulansearbeidar en merkeleg situasjon ved Sulesund ferjekai.
– Vi hadde køyrt ein pasient til Ålesund sjukehus og var på veg tilbake til ambulansestasjonen der vi hadde vakt. Da vi kom til ferjelemmen for å bli med 15.30-avgangen, blei det full stopp, fortel Georg Aursnes til smp.no.
Mannskapet hadde fylt opp ferja utan å bruke sidedekka. Fleire bilar sto att sjølv om dei kom til staden i god tid før avgang.
– Normalt blir ambulansar prioriterte på bilferjer, så eg spurte ein av mannskapet kvifor dei ikkje kunne ta oss med. Då fekk eg svaret "Beklagar, vi prioriterar slik denne gongen", seier Aursnes.
– Og så drog dei.
Bilferja Høgsfjord er reserveferje for "Ullensvang" på sambandet Sulasund - Hareid.
– Eg tykte det var rart at dei la fra kai med halvfull ferje, men det er ikkje første gong det skjer, i følgje andre bilistar, seier ein oppgitt ambulansearbeidar.

– Kunne sagt fra

Inge Andre Utåker i Norled bekrefter at det ble gjort en feilvurdering under lasting av denne konkrete ferjeturen.
– Det stemmer at det ble gjort en feil stabling av biler på denne avgangen. Ambulansen kom rett før avgang og matrosen tok kontakt med sjåføren og beklaget det som hadde skjedd. Han trodde at det var forsåelse for dette, inntil vi kunne lese oppslaget på smp.no, sier Utåker.
Les mer om saken hos Sunnmørsposten