Hopp til hovedinnhold


Her oppretta kommunen eige akutteam – det blei livsviktig då Bård fekk hjarteproblem

BJERKREIM: Mange distriktskommunar ligg langt frå næraste sjukehus. I Bjerkreim ville dei ha betre tryggleik for innbyggjarane.

No er deira helsepersonell først på staden i 80 prosent av tilfella, skriv NRK Rogaland.

– Eg har eit hjarte som bankar litt i hytt og vêr, fortel Bård Gravdal.

Han er familiefar til fem, og bur på den vesle staden Hegelstad i Bjerkreim i Rogaland.

52-åringen treng ein pacemaker for å halde hjartet i gang. Men ein dag for tre år sidan slutta apparatet å fungere.

Då var det livsviktig at hjelpa kom så fort som råd.

Akuttbilen rykka ut frå sjukeheimen sju kilometer lenger ned i dalen, og var på plass innan ti minutt.

– Dei visste kva dei heldt på med, det var heilt tydeleg. Då føler du deg jo trygg, seier Gravdal.

Ikkje eit sekund å miste

I Bjerkreim har sjukeheimen nemleg eit unikt tilbod – akutteamet. Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i kommunen er kursa til å rykke ut til ulykkesstader, der kvart minutt kan utgjere forskjellen mellom liv og død.

– Det er spennande, litt skummelt, men me er jo godt førebudd. Som regel er me alltid to, sånn at me kan laga ein plan – sjølv om me ikkje alltid kan vite kva me kjem til, seier sjukepleiar Anne Friestad.

Ordninga deira er så å seie unik i Noreg, men mange kommunar finn liknande kreative løysingar når ambulansen er langt vekke.

– Røyrvik er den mest kjente, som har ein kombinasjon av brannmannskap og sjukepleiar som rykker ut, seier Kurt Rønning i Fagforbundet.

Då akutteamet blei starta i 2014, visste ikkje helsepersonellet kva dei gjekk til.

– Me hadde ein forventning om at det skulle vere eldre, stort sett, men det viser seg at me har ein gjennomsnittsalder på rett under 50 år, fortel sjukepleiar Friestad.

100 timars kurs med eksamen, og øvingar i samarbeid med naudetatane i fylket har gjort at sjukepleiarane kan takle så å seie alle situasjonar.

– Det er alle typar av sjukdommar, eller skader og ulykker, seier Friestad.

Akutteamet erstattar ikkje ambulansen, men utfører fyrstehjelp, fører journal og tek vare på pasientar fram til ambulansen er på staden.