Hopp til hovedinnhold


Her føder Lene i ambulansen - takkar jordmora for at det gjekk bra

Ho fødde i ei busslomme på veg til sjukehus, og takkar jordmora for at det gjekk bra. No er Lene Gjerde Sætren i Flora fortvilt over at ordninga med jordmorvakt kan bli lagd ned, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Fram til no har Flora og Bremanger hatt jordmor på vakt, som også har følgt fødande til sjukehuset i Førde. Men no vil politikarane i kommunane leggje ned ordninga med følgjeteneste.
– Eg vakna og ringde jordmorvakta i Florø og sa at no var det fødsel på gang. Ho forstod at det var ganske nært, så ho sende ambulansen til oss, og sa at ho kom i ambulanse i møte med oss, seier Sælen.
Ambulansen kom på døra og henta den fødande kvinna, medan pappa Thomas la seg på hjul.
– Dei var ganske stressa over situasjonen, det merka både eg og mannen min, fortel Sælen.

Sa det ikkje var vits å køyre fort

Men kort tid etter møtte dei ambulansen med jordmora i, og då endra det meste seg.
– Då eg kom inn i bilen til jordmora oppe på fjellet, vart det ei heilt anna atmosfære, seier Sælen.
Trass i at fødselen ikkje var langt unna, sa jordmora til ambulansepersonellet at dei ikkje trengde å køyre så fort.
– Ho sjekka at alt var greitt, og så sa ho at det ikkje var vits i å køyre fort, men at dei skulle køyre til ho sa stopp. Og det gjorde vi, seier Sælen.
Men dei kom ikkje så langt. For Lilly hadde det travelt.
– Det var ei roleg og fin oppleving, ikkje noko dramatikk eller noko. Ho kom som eit lyn, seier Sælen, og ser ned på den vesle jenta som om to månader fyller eitt år.

Må kjennast trygt

Som fjerdegongsfødande, visste Sælen godt kva ho gjekk til då det drog seg til. Men ho peikar på at det slett ikkje er alltid ein fødsel går etter boka. Og då kan kompetansen til jordmora utgjere ein enorm skilnad.
Ho fryktar for korleis det vert for kvinner som hamnar i liknande situasjon som ho sjølv.
– Eg har høyrt at dei sender jordmor i møte, men det er ikkje det same. Den jordmora du har i Florø, er ho du har møtt gjennom alle kontrollane. Eg var så heldig at det var jordmora i Svelgen som tok i mot Lilly. For meg betydde det ekstra mykje, seier Sælen.
Les meir om saka og sjå film hjå NRK