Hopp til hovedinnhold


Helseministeren slår fast: – Berre ein på vakt i ambulanse er ikkje i tråd med forskrifta

Einmannsambulanse er ikkje i tråd medakuttmedisinsk forskrift. Det slo helseministeren fast då han svarte på spørsmål i Stortinget torsdag, skriv Sunnmørsposten.
Helse Møre og Romsdal har foreslått at ambulansestasjonen i Geiranger berre skal ha ein på vakt utanom turistsesongen, men dette meiner Senterpartiet strir mot akuttmedisinforskrifta.
Helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe, konfronterte helseminister Bent Høie med saka i Stortingets spørjetime torsdag, og fekk følgjande svar:
«Det med enmannsambulanser er, som også representanten er inne på, ikke i tråd med forskriften. Jeg forutsetter selvfølgelig at foretakene forholder seg til lov og forskrift uten at jeg trenger å gripe inn.»
Senterpartiet er berre til ei viss grad nøgd med svaret:
– Vi meiner det er bra at helseministeren fastslår at forslaget er i strid med forskrifta. Samtidig meiner vi det er bekymringsfullt at helseministeren forheld seg såpass passiv og «forutsetter at foretakene holder seg til lov og forskrift», når sanninga er at leiinga i Helse Møre og Romsdal faktisk har lansert dette som et seriøst forslag, skriv Senterpartiet i ei pressemelding.
Les meir om saka hjå Sunnmørsposten