Hopp til hovedinnhold
Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Helse Førde vil ikkje stoppe arbeidet med einmannsbetent ambulanse sjølv om det kjem nye reglar for responstid

Helse Førde ser ikkje grunnlag for å stoppe prosjektarbeidet med einmannsbetjent ambulanse i ytre Bremanger.

Bremanger kommune har bedt Helse Førde sette på vent arbeidet med etablering av einmannsbetjent ambulanse i ytre del Bremanger, men Helse Førde meiner det ikkje er grunnlag for å stoppe arbeidet, skriv Fjordenes Tidende (krev innlogging).

Helse Førde seier dei er kjent med at Stortinget har vedtatt at ein skal lovfeste responstid for ambulansar ved akutte oppdrag, men påpeiker at kva slags responstider som skal forskriftsfestast ikkje er fastsett.

– Det er likevel signalisert at responstider på kommunenivå ikkje lenger vil publiserast med 90 persentil.

Det er og til diskusjon om andre ressursar og ordningar skal inngå i registreringa, skriv Helse Førde som svar til kommunen.

– Ut frå den informasjonen Helse Førde har på noverande tidspunkt er det ikkje grunnlag for å stoppe arbeidet i arbeidsgruppa og mandatet som ligg til grunn for denne.

Helse Førde presiserer også for Bremanger kommune at kommunen si endra organisering av helsetenester og legevakt til innbyggjarane i den seinare tid heller ikkje har ført til endring i arbeidsgruppa sitt arbeid.

Helse Førde er likevel positive til å diskutere saka og ber kommunen ta initiativ til eit møte