Hopp til hovedinnhold


Helse Førde utset høyring om prehospitale tenester

Det blir jobba med ein heilskapleg plan for tenestetilbodet før sjukehus. Planen gjeld både ambulanse og legevakt. No blir arbeidet utsett for å få på plass avklaringar knytt til mellom anna båtambulanse og legevakt på video, skriv Firda.

– Fleire faktorar gjer at vi må ha nokre månader til. Vi ønskjer å ha eit så godt grunnlag som råd før vi sender planen på høyring, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, i ei pressemelding.

Dei prehospitale tenestene, det vil seie tenester frå ambulanse, AMK-sentral, legevakt og luftambulanse eller redningshelikopter, er i endring.

I tillegg til at det skal lagast ein samla plan, blir det jobba med å sjå på korleis legevaktsamarbeidet kan bli betre for dei som bur lengst frå legevakta.

Legetime med video

Ny organisering av legevakta er ei av årsakene til at høyringa for planen no er utsett. Helse Førde vil først ha på plass nokre avklaringar rundt pilotprosjektet der enkelte kommunar får organisert legevakta annleis. Legevaktpiloten skal gje innbyggarane lettare tilgang til legevakt, mellom anna med bruk av video.

På stader der det bur relativt få, skal sjukepleiar eller ambulansepersonell kommunisere med vakthavande lege og gjere nødvendige undersøkingar ved hjelp av video. Tanken er å bruke sjukeheimar eller ambulansestasjonar i kommunane.

– Måten legevakttenestene blir organisert på i framtida, kan ha innverknad på korleis Helse Førde riggar ambulansetenesta, seier Varden.

Må sjå på båtambulansen

Ifølge pressemeldinga skal Helse Førde også gjere fleire vurderingar knytt til båtambulansen før den prehospitale planen kjem på høyring- Mellom anna ar det blitt prioritert å gjere avklaringar knytt til anbodsprosess for nye båtambulansar.

Les meir om saka hjå Firda