Hopp til hovedinnhold
Stian Sægrov, ambulansesjef i Helse Førde. Foto: Helse Førde


Helse Førde: Rotasjonsordning mellom Måløy og Selje

Frå 22. februar vert ambulansestasjonen i Selje ein del av Måløy ambulansestasjon, og personellgruppa ved stasjonane vert samla.

Selje ambulansestasjon har tidlegare hatt fire årsverk med heimevaktordning, skriv Fjordenes Tidende (krev innlogging).

Frå 1. september 2018 vart det starta ei prøveordning med kasernevakt med personell buande på stasjonen 24/7 i vekedagar, og kombinasjon av heimevakt og vakt på stasjonen i helg.

Prøveordninga har gått frå september 2018 og fram til no. Mellom anna mens ein ventar på behandlinga av styresaka om prehospital plan i helseføretaket.

Endringa medfører ei auke i to årsverk, frå fire til seks årsverk.

Frå 22. februar vert det kasernevakt i Selje alle dagar, og Helse Førde aukar bemanninga ytterlegare med eitt årsverk. Totalt sju årsverk, ei auke på tre årsverk frå 2018.

Må til Måløy tre gonger i veka

Stasjonen vert frå same dag ein del av Måløy ambulansestasjon, og personellgruppa ved stasjonane vert samla med rotasjonsordning mellom Måløy og Selje. Vaktskifte vil skje i Måløy tre dagar i veka klokka 08.00, der personell på vakt i Selje jobbar to eller tre døgn samanhengande.

– Dette sikrar oss langt større fleksibilitet i vaktsamansetting og vi vil sikre større fagmiljø og ei betre rekruttering. Momenta over er del av tiltaksplanen som var beskrive i prehospital plan. I tillegg bør det leggast til at Helse Førde i desse dagar aukar bemanninga også ved ambulansestasjonane i Stryn og Eid, sa administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde då han orienterte formannskapet i Stad kommune om endringane på ambulansestasjonane.

Gunn Sande (Sp) stilte spørsmål ved kvifor ambulansen i Selje må køyre til Måløy, der det skal vere byte av personell, og om korleis beredskapen i Selje vil vere i dei to timane ambulansen er på veg til og frå ambulansen i Måløy.

– Vi doblar nesten årsverka ved stasjonen i Selje og ein går frå heimevakt til kasernevakt, noko som gir eit betydeleg løft for beredskapen. Det at ambulansane står i garasjane det skjer i mindre og mindre grad. Ambulansane er ofte borte frå stasjonen. Det er ikkje eit nytt fenomen. Men med omsyn til beredskap driv vi aktiv flåtestyring, og dette vil vere med på å vareta beredskapen på stasjonen i Selje. Det er også viktig å ta me seg at vi styrkar beredskapen betrakteleg, svarte Varden, som viste til at det at ambulansen er vekke i to timar tre dagar i veka bidrar til at kompetansen blir best mogleg.

– Svaret er greitt, og eg applauderer både det som går på kompetanseheving for tilsette og det som går på varetaking av beredskap. Men eg forstår ikkje kvifor personell ikkje skal møte på den stasjonen dei skal jobbe på. Eg ser på bilen som ein tryggleik, responderte Sande.

– Eg forstår at dette kan verke litt merkeleg, men vi har behov for kompetanseheving og fleksibilitet(...). Som del av ein større heilskap så er det større moglegheit for dette enn om ein står aleine.