Hopp til hovedinnhold
Stian Sægrov, ambulansesjefen i Helse Førde. Foto: Helse Førde


Helse Førde har sendt prehospital plan på høyring

Rapporten på meir enn 170 sider gjev eit omfattande bakgrunnsmateriale om ei svært viktig teneste for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, skriv helseføretaket på nettsida.

Rapporten er frå første fase i arbeidet med ein plan for dei prehospitale tenestene i Helse Førde.

Høyringsutkastet inneheld mykje fakta og vurderingar av status om aktivitetstal for bilar, båtar og luftambulanse, bemanning og vaktordningar, økonomiske realitetar og uønska hendingar. I arbeidet er det henta inn synspunkt frå medarbeidarane og det er gjennomført brukarundersøking og spørjeundersøking mellom publikum.

Rapporten er utarbeidd av ei breitt samansett gruppe med deltakarar frå Helse Førde, kommunar og brukarar. Det har også vore sett ned ei referansegruppe med brei fagleg kompetanse på området.

Du kan lese heile høyringsutkastet her (pdf)

På denne sida finn du mykje informasjon om arbeidet med planen

Les meir hjå Helse Førde