Hopp til hovedinnhold
Drukning. Illustrasjonsfoto: Thinkstock


Held barnet ditt på å drukne? Dette gjer du.

17 barn under 16 år har døydd av drukning i Noreg dei siste fire åra. Sidan 2018 har AMK i Bergen har hatt 187 drukningsoppdrag.

Om du veit korleis du skal utføre førstehjelp kan du redde liv, sier ambulansearbeider Lena Einarsen til Bergens Tidende.

Lena Einarsen har jobba i ambulansen i 16 år. Ho opplever at enkelte er redde for å gjere feil.

– Mange kan henge seg opp i små detaljar og derfor bli usikre. Det viktigaste er at du prøver så godt du kan.

Om du finn eit druknande barn i vatnet, skal du aller først rope etter hjelp. Så må du hente barnet opp frå vatnet og til trygg grunn. Her er det viktig at du først tenkjer på eigen tryggleik.

Ring 113 så snart situasjonen tillèt det. Sett telefonen på høgtalar og legg den ved sidan av deg. Hald linja med medisinsk nødtelefon, dei vil rettleie deg.

Om du må gå vekk for å varsle ambulansen, skal du først utføre hjarte- og lungeredning på barnet i eitt minutt.

Når du har fått barnet på land, må du sjekke om personen er livlaus. Legg øyret ditt mot munnen og høyr etter om det pustar. Sjå også etter om brystkassa hevar og senkar seg.

Om barnet gir frå seg livsteikn, som pust eller lyd, skal du legge det i stabilt sideleie. Sit ved sida av barnet og følg nøye med på om det framleis pustar, heilt fram til det kjem hjelp frå helsepersonell.

Livlaust barn

Om barnet er livlaust, må du starte hjarte- lungeredning. Legg det på ryggen på eit hardt underlag. Bøy hovudet litt bakover og løft opp haka.

Er barnet under eitt år, skal du ikkje bøye hovudet bakover, då det kan tette luftvegane.

  • Start med fem rolege innblåsingar til brystet hevar seg. Om det er eit spedbarn, skal du gape over både munn og nase. Om det er eit større barn, skal du klype saman nasen medan du bles inn.
  • Etter dei første 5 innblåsingane skal du gjere 30 kompresjonar. Sett deg tett inntil barnets kropp og plassar hendene dine midt mellom brystvortene. Er barnet lite, skal du bruke ein arm. Er barnet større, skal du bruke to. Om det blir for slitsamt å bruke ein arm, kan du bruke begge.
  • Fortset å veksle mellom 2 rolege innblåsingar og 30 kompresjonar fram til ambulansepersonell overtar eller barnet vaknar. Takta på kompresjonane bør vere om lag 100–120 kompresjonar i minuttet. Om barnet vaknar, skal du legge det i stabilt sideleie og følgje med på at det pustar.

– Den største feilen folk gjer, er at dei ikkje kjem i gang med hjarte- lungeredning med ein gong.

Start gjenoppliving på ein livlaus person sjølv om du ikkje føler deg heilt trygg på teknikken, sier Øyvind Østerås, sjef for akuttmedisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Ambulansepersonellet summerer dei viktigaste stega slik:

  • Om det er andre personar i rundt deg, rop etter hjelp.
  • Få personen trygt opp på land.
  • Ring 113.
  • Start hjarte- lungeredning, og hald fram med det til ambulansepersonell er på staden.