Hopp til hovedinnhold


Har to ambulansar – bruker ein

Ambulansestasjonen i Sauda manglar fagfolk til å bemanna begge bilane, skriv Ryfylke.
– Beredskap er alltid ein ”knapphetsressurs”. Likevel, me gjer alt me kan for å oppretthalda god beredskap i Sauda, seier John Olav Digranes, Helse Fonna sin seksjonsleiar for ambulansetenestene i Hardanger og Ryfylke.
I dagens avis kan ein lesa kommuneoverlege Knut A. Omdal sine tankar om korleis det medisinske hjelpeapparatet skal handtera sjukdom, skader og ulukker i Sauda på kvelds- og nattestid og i helgar dersom legevakta er stasjonert i Ølen. I svara til Omdal speler ambulanseberedskapen ei heilt avgjerande rolle i dei aller fleste tilfella.
Seksjonssjefen presiserer at Sauda uansett har to fullt utrusta ambulansar tilgjengeleg.
– Ved akutte behov, for eksempel viss døgnbilen er opptatt, kan me kalla ut folk for å bemanna den andre ambulansen. Uansett tid på døgeret, seier han.
Les meir om saka hjå Ryfylke