Hopp til hovedinnhold


– Har beste akuttilbod i verda

– Men det er på grunn av ambulansehelikoptera og samarbeidet med Haukeland, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde.

– Men det er på grunn av ambulansehelikoptera og samarbeidet med Haukeland, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde. 

Heile Sogn og Fjordane, også Ytre Nordfjord og Indre Sogn, har eit tilbod av akutt helsehjelp som er i internasjonal toppklasse. Men dagens akuttberedskap ved lokalsjukehusa er unødvendig. Ingen av pasientane det verkeleg hastar å få gitt sjukehusbehandling, blir sende til Eid og Lærdal, seier Breidablik.

Mytar
– Det avgjerande er ikkje nærleiken til eit lokalsjukehus, men kvaliteten på ambulansetenesta som skal bringe deg til behandling og kompetansen hos sjukehuset som tek mot deg, seier Breidablik.

– Mange lever i den trua at akuttpasientar blir køyrde inn til lokalsjukehuset i ein kamp med klokka, for så å bli redda i siste liten. Men røyndommen i dagens helsevesen er ikkje slik, seier Helse Førdes øvste medisinske ansvarlege.

Ein prosent
– I 99 prosent av tilfella der det trengst akutthjelp, har ein i røynda fleire timar på seg. Den eine prosenten pasientar der tida er eit avgjerande moment – som ved hjarteinfarkt og svære trafikkskadar – blir i all hovudsak send til Haukeland, anten pasienten det gjeld kjem frå Selje eller frå Førde sentrum.

Akuttfunksjonen for dei pasientane der det verkeleg hastar, ligg ikkje her i fylket. Den ligg i Bergen, og der må den liggje. Alternativet er å gi innbyggjarane her i fylket eit annanrangs tilbod, seier han.

I verdstoppen
Ifølgje Breidablik, har hastepasientane i alle deler av Sogn og Fjordane eitt av verdas beste akuttilbod.

– Eg veit ikkje om nokon annan stad på kloden der ei befolkning på 107 000 menneske har to ambulansehelikopter, av desse eit redningshelikopter som kan ta seg fram også i svært dårleg vêr. I tillegg er det eit tett nettverk av ordinære ambulansar, seier han.

Turnuslegar
Det som etter Breidabliks meining i dag gir størst grunn til uro, er nettopp det at lokalsjukehusa i så stor grad er avhengige av vikarar og turnuslegar for å få drifta til å gå i hop.

– Vikarlegane har i seg sjølv ofte verdfull og høg kompetanse. Ein del av dei er også etter måten stabile, ved at dei kjem tilbake fleire gonger. Den store vikarbruken har likevel andre og uheldige sider. Turnuslegane gjer så godt dei kan, men er trass alt ute i ei læretid. Stundom har kommunelegen som sender pasientane frå seg, større kompetanse enn lokalsjukehuslegen som tek imot. Det er betenkjeleg, seier Breidablik.

Heilt usamd
Kommuneoverlege Trond Inselseth i Vågsøy er heilt usamd med fagdirektøren.

– Lokalsjukehusa er avgjerande for det vi opplever som tryggleik, i forhold til å stabilisere dårlege pasientar, seier han.

Men redningshelikopteret og oppgraderinga av ambulansepersonellet er viktige og positive endringar, meiner han.

Inselseth meiner at det på fleire spesialfelt må kunne diskuterast om ein vil vere i stand til å byggje opp gode tenester innanfor vårt eige fylke.

– Vi er for få og bur for spreidd. Men nett fordi folk bur så vidt og grisgrendt, må akuttenestene prioriterast, seier kommuneoverlegen i Vågsøy.  

Les heile saka i Firdaposten: - Har beste akuttilbod i verda

Les også på NRK: Akuttmottak ved lokalsjukehus unødvendig – Det avgjerande er ikkje nærleiken til eit lokalsjukehus, men kvaliteten på ambulansetenesta, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde.