Medieklipp

Halvparten får ikkje svar fra krisetenester: Mange av dei som tek kontakt vil ikkje leva lenger
Krisetenester har opplevd ein stor auke i pågangen under koronapandemien. Nær halvparten av dei som tek kontakt, får ikkje svar. Og dei blir stadig yngre.
Dette sier Aslaug Timland Dale, dagleg leiar for Mental Helse Hjelpetelefon, i eit intervju til NRK.
– I 2020 har vi hatt ein stor pågang på alle tenestene våre, både på telefontenestene og på skrivetenesta «Si det med ord», seier Timland.
Samanlikna med 2019, har dei i 2020 hatt 150.000 fleire dialogar. På chat-tenestene har dei hatt 20.500 fleire chatdialogar.
Mange med alvorlege utfordringar
I 2020 har dei hatt rundt 8000 fleire dialogar som omfatta tema som sjølvmordstankar og sjølvmordshandlingar. Gjennomsnittsalderen ved chatten er no nede i 21 år. Den yngste personen som har tatt kontakt på chat er ni år.
– Det vi ser er at det er fleire som slit no i pandemiåret, og det er fleire som har alvorleg utfordringar på korleis dei skal takla kvardagen.
Ho fortel at det er mange som seier at dei ikkje får den hjelpa dei treng av det offentlege.
Når ventetida på å få hjelp er på eitt og eit halvt år, er det ei urovekkande lang tid for eit barn eller ein ungdom.
– Så det å få hjelp der du bur, når du treng det, hadde nok bidratt for veldig mange til å oppleva at det var nokon som både såg dei og høyrde dei, legg ho til.
Over halvparten får ikkje svar
Ho seier at Mental Helse Hjelpetelefon ikkje har sjanse til å svara alle som tek kontakt. I 2020 har dei klart å sikra ein svarprosent på 48 prosent.
– Vi synest jo det er fint, men samstundes tyder jo det at det 52 prosent som ikkje kjem igjennom på linjene våre, seier Timland Dale.
– Det er eit høgt tal. Vi veit ikkje kven som står i kø hjå oss, og kva dei ynskjer å snakka om. Det er tøft for dei som sit på telefonen – å ikkje kunna vera der for alle dei som ynskjer å nå oss.
Generalsekretær i Kirkens SOS, Lasse Heimdal, opplever det på same måte
– Det fortvilande at vi ikkje klarar å svara alle som tek kontakt. Vi tapar i alle fall kvar tredje samtale. Vår frykt er jo at det bak dei samtalane er personar som er i ein desperat situasjon, seier han.
Borna fortener merksemd
Som i likskap med Mental Helse Hjelpetelefon, opplever Kirkens SOS at den største forskjellen på samtalane under koronaperioden og tidlegare, er at dei no er langt meir alvorlege.
– Vi er særskilt bekymra for born og unge, og særleg dei mange unge som slit med å sjå meininga med å leva vidare. Det synest vi er dramatisk, seier han og legg til at det er ei stor utfordring både for dei og for samfunnet som heilskap.
Han meiner at det som er viktig no, er at alle born opplever seg sett og høyrde, og at dei har nokre trygge personar som dei kan gå til.
At det er så mange born som prøver å koma i kontakt, og opplever at dei ikkje får svar, synest Heimdal er vondt.