Aktuelt
Gulenskyss skal drive ambulansebåtane i Solund og Florø
Sjukehusinnkjøp HF divisjon vest meiner Gulenskyss AS har det totalt sett beste tilbodet i konkurransen om å drive ambulansebåtar stasjonert i Solund og Florø for Helse Førde.
Sjukehusinnkjøp tilrår difor at kontrakten på drift av ambulansebåter frå mai 2022 blir tildelt selskapet Gulenskyss AS, skriv Helse Førde på sine nettsider.
Tilbodet deira har ein årleg verdi på 21 258 000 kroner og gjeld for åtte år, med opsjon om forlenging på inntil to år.
Gulenskyss vart vald fordi det var det totalt sett beste tilbodet på bakgrunn av fleire kriterium som pris og kvalitet.
Det var fire tilbydarar i konkurransen, der ein av tilbydarane vart avvist grunna vesentlege avvik knytt til minstekrav.
Evalueringa av tilbydarane er gjennomført av kyndig fagpersonell på det ambulansefaglege og prehospitale området, saman med personell med innkjøpsfagleg kompetanse.
Det vart og nytta kompetanse frå konsulentfirma spesialisert på skipsdesign og konstruksjon for maritim industri for å evaluere sjøeigenskapane for fartøya i konkurransen.
Gulenskyss tilbyr fartøy og tenester som dekkjer oppdragsgjevar sine behov på ein svært god måte, ifølgje Sjukehusinnkjøp.
Gulenskyss beskriv i tilbodet sitt blant anna løysingar for å tilpasse seg utfordrande og varierande vertilhøve i operasjonsområdet, ergonomiske løysingar og evne til å halde høg fart i ulike værforhold. Selskapet driv i dag ambulansebåttenester i Helse Fonna.
Etter ei samla, objektiv vurdering av dei mottekne tilboda, basert på kriteria i konkurransegrunnlaget, er Sjukehusinnkjøp HF klar på at det er tilbodet frå Gulenskyss som har best forhold mellom kostnad og kvalitet.