Hopp til hovedinnhold


Godtek ambulanseløysinga

Fylkeslegen godtek Helse Førde si nye løysing for ambulansesituasjonen i Balestrand. Samstundes får helseføretaket krav om sjølve å dokumentere at tilbodet er forsvarleg, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Kommunen har sidan 31. august i fjor vore utan ambulanse, og fylkeslege Per Stensland har tidlegare konkludert med at tilbodet ikkje har vore forsvarleg .
– Dei har kome opp med ei ny løysing, og den meiner vi er forsvarleg. Tilbodet blir betre enn den er i dag, seier Stensland.
Helseføretaket vil styrke ambulansestasjonen i Høyanger med ein deldøgnambulanse og erstatte heimevakta i helgane med ei døgnvakt på stasjonen.
Ved ras og varsel om ekstremvêr flyttar helseføretaket ambulanseressursar til Balestrand-området. Føretaket meiner at dette vil redusere risiko for samstundeskonflikt på dagtid og gi tilgang på ein tilleggsressurs som nyttast også på kveld og helg.
– Eg er veldig skuffa, og for meg er det uforståeleg at fylkesmannen kan konkludere slik han gjer. For det første er responstida for lang, seier ordførar i Balestrand, Harald Offerdal (Ap).

Framme innan 30 minuttar

Ordføraren har så vidt fått sett konklusjonen i tilsynssaka. Fylkesmannen legg til grunn at ambulansesestasjonen i Høyanger vil rekkje dei fleste innbyggjarane i Balestrand innan 30 minuttar ved akuttoppdrag.
Les meir om saka hjå NRK