Hopp til hovedinnhold


Fullt virvar på akutten

Legen på akuttmottaket diagnostiserte pasienten utfrå EKG frå ein annan. Og det er langt frå første gong dette har skjedd.

Legen på akuttmottaket diagnostiserte pasienten utfrå EKG frå ein annan. Og det er langt frå første gong dette har skjedd, skriv Bergens Tidende.

På pasientar med brystsmerter er det vanleg at ambulansen tek ein såkalla EKG (Elektrokardiogram) på pasienten og sender denne til sjukehuset. Her skal diagrammet tolkast av lege, slik at eventuell behandling kan setjast i gang allereie medan pasienten er på veg inn til sjukehuset.

«Langt frå første gang»
I ei melding til Helsetilsynet fortel behandlande lege ved den akuttmedisinske sentralen (AMK) på Førde sentralsjukehus om ein episode der han EKG-diagram frå feil pasient.

«Det ble fakset inn EKG på to pasienter omtrent samtidig. (...) I AMK lå alle EKG i en bunke uten at noen var merket med navn», skriv legen i rapporten, og held fram: «Min tolkning av EKG ble gjort på EKG fra feil pasient. Dette er langt fra første gang det er forvirring rundt hvilket EKG som tilhører hvilken pasient.»

Fylkeslege Petter Øgar fortel at han ikkje tidlegare har høyrt om dette problemet. Ifølgje Øgar har slike oversendelsar frå inngåande ambulansar til sjukehuset pågått i fleire år.

- Rimeleg bisarr
- Denne meldinga var rimeleg bisarr å lese, og det er jo nesten utruleg dersom det stemmer at dette har skjedd ei rekke gonger, seier Øgar.

Ifølgje rapporten frå legen vart forvekslinga oppdaga etter ein halv time.

«I dette tilfellet fikk det ikke alvorlige konsekvenser, men man kan lett tenke seg at pasienter (…) dermed får unødvendig skade av hjerteinfarktet sitt».

Av rapporten framgår det også at helseføretaket ikkje har utarbeidd prosedyre på slike tilfelle, men at AMK Førde skal utarbeide retningsliner som sikrar at sikker identifikasjon blir lagt inn i EKG’en straks etter at den er motteken.

Les meir om saka i Bergens Tidende