Ambulanseorganisering

Fryktar dei ikkje skal få hjelp

Folk på Vestlandet er bekymra for akuttberedskapen, og fryktar dei ikkje skal få hjelp om dei treng det. Mildvêret har denne helga skapt store problem på vegane på store delar av Vestlandet. Berre i Sogn og Fjordane er seks bygder isolerte.

Publisert Sist oppdatert

Folk på Vestlandet er bekymra for akuttberedskapen, og fryktar dei ikkje skal få hjelp om dei treng det, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Mildvêret har denne helga skapt store problem på vegane på store delar av Vestlandet. Berre i Sogn og Fjordane er seks bygder isolerte.

Må kansellere oppdrag

Mange stader kjem ikkje vanlege ambulansar fram, og der dårlege vêret skapar også utfordring for luftambulansane på Vestlandet.

– Vêret har vore ganske dårleg denne helga, og vi har måtte avbryte oppdrag på grunn av dårlege flyforhold, seier pilot Hans Ivar Kubberød ved Norsk Luftambulanse sin base i Førde.

I Sogn og Fjordane er no over 300 personar isolerte, og på det meste har heile 17 vegar for stengde i fylket.

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, seier dei har gode planar og at situasjonen er under kontroll.

– Vi har funne gode løysingar i samarbeid med kommunane, brannvesenet og privatpersonar. Vi har planane klare dei fleste stader, seier Sægrov til NRK.no.

Les meir hjå NRK

Powered by Labrador CMS