Hopp til hovedinnhold


Framleis 65 på sjukehus etter brann

65 personar er innlagde på fire ulike sjukehus etter tunnelbrannen i Gudvangatunnelen i går, opplyser AMK klokka seks tysdag morgon, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Les og: – Et under at ingen døde
Ved Førde sentralsjukehus ligg 29 pasientar, medan tre er innlagde på Lærdal sjukehus. NRK får opplyst i dag tidleg at desse har moderate skadar. Ingen har fått forverra tilstand i løpet av natta. Dei får behandling for røykskadar.
På Haukeland ligg det 18 pasientar og på Voss sjukehus 15 pasientar. I går kveld var tilstanden alvorleg for seks av desse, mellom anna for ei sju år gamal jente.
Les meir om saka hjå NRK