Nødmeldetjeneste
Fortvilar over AMK-handtering
Helse Midt-Noreg får kritkk for måten prosessen med naudnettet og AMK-sentralane er gjennomført på. AMK-sentralen i Ålesund får 40 millionar kroner før det er bestemt kvar ein eventuell felles AMK-sentral i fylket skal ligge, skriv NRK Møre og Romsdal.
Avgjerda om éin eller to AMK-sentralar i fylket kjem etter at det er bestemt å bruke 40 millionar kroner på nye AMK-lokaler i Ålesund for å få på plass det nye naudnettet.
Tilsett-representant Knut Ivar Egset meiner dette er kritikkverdig.
– Eg reagerer på at Helse Midt-Noreg ikkje vel om ein skal ha éin eller to AMK-sentralar før ein set i gang med å bygge i Ålesund.

– Saka er avgjort før den vert vurdert
Direktør Trond Michael Andersen i Helse Midt-Noreg har varsla ein ny gjennomgang av AMK-sentralane i Møre og Romsdal i november. Det kan bety kroken på døra for AMK-sentralen i Molde, som i dag fungerer for Nordmøre og Romsdal.
Her er det noko som skurrar, meiner Egset, for blir konklusjonen at det berre skal vere éin AMK-sentral er det allereie avgjort kvar den sentralen skal ligge.
– Dersom det no vert éin AMK-sentral, så vil den ligge på Sunnmøre. Då er den saka avgjort før den eigentleg vert vurdert, seier ein opprørt Egset.
Les meir om saka hjå NRK