Luftambulanse

Forbanna over redningsoperasjon

Publisert Sist oppdatert

Same dag som Ragnar Thorseth gjorde det kjend at han vil ro til Shetland, kjem han med beisk kritikk av redningsoperasjonen som vart sett i gang då fritidsbåten hans nyleg sleit seg, ifølge Herøynytt.
– Eg sa til Florø radio at eg trong ein slepebåt for å trekke båten min av grunn, fortel Ragnar Thorseth.
Hovudredningssentralen for Sør-Norge svarte med å beordre ut to helikopter, eit Sea King og eit ambulansehelikopter.
Den erfarne kapteinen og eventyraren er forbanna over alt oppstyret som vart. Eit Sea King-helikopter kom frå Florø, men returnerte med ein gong. Ambulansehelikopteret frå Ålesund landa, utan at det vart behov for det.
– Det går på yrkesstoltheita laus. I dag er eg skamfull ute blant folk, at eg skulle vere årsaka til dette her, seier eventyraren gjennom eit langt liv.
– Florø radio spurde meg om eg trong helikopter, og eg sa nei det er heilt unødvendig, eg treng ein slepebåt. Eg fortalde at eg sat i ein varm sovepose, med åtte kilowatt varme i båten, men at båten har gått på grunn og at den ville bli fylt med vatn om den ikkje vart taua av, fortel Ragnar Thorseth.

På nære nippet

At han er i live er likevel ikkje sjølvsagt. Etter meir enn ein halvtime i sjøen, og etterpå nesten ein halvtime med våte klede i den kraftige vinden, var det truleg ikkje store marginane att for Ragnar Thorseth. Slik opplevde han det sjølv.
– Eg følte at det var varmare å vere i sjøen enn å ha overkroppen over vatn. – Etterpå har eg diskutert det med ein kamerat. Han lærte av ein lege at dette er augneblinken før du mister bevisstheita.
Les meir om saka hjå Herøynytt

Powered by Labrador CMS