Innenriks

Føler seg gløymt av telegigantane

Publisert Sist oppdatert

Distriktskommunar meiner dårleg dekning er i ferd med å lage eit klasseskilje mellom land og by, skriv NRK Møre og Romsdal.
I Aure krev dei no at Telenor bygger ut nettet – også der det er langt mellom kundane.
– Inga dekning, seier Ingunn Tømmervåg medan ho står ute på verandaen på arbeidsstaden i Aure kommune. Helsefagarbeidaren må på dagleg jakt i håp om å finne dekning til mobiltelefonen. På Gullstein i Aure når nemleg mobilsignala berre fram på ein god dag.
– Kan få kritiske følgjer
Midt i det i det dekningsfrie området ligg det omsorgsbustader og ein sjukeheim. At digitale arbeidsverktøy ikkje fungerer er ei utfordring – at dei ikkje kan ringe etter hjelp kan vere ei krise.
– Minutta er ganske viktige i akuttsituasjonar, og det tek tid før vi får kontakta 113 eller lege. Det blir kritisk når vi ikkje har dekning, seier Oddrun Tednes som er sjukepleiar i kommunen.
Kjempar for merksemd
Aureordførar Ingunn Oldervik Golmen (Sp) er ein av fleire distriktsordførarar som har stilt krav til telegigantane. Skrekken er at dei bli gløymde og at manglande dekning ekskluderer Bygde-Noreg frå den tekniske utviklinga.
– Dei er veldig offensive med utanlandssatsing, så eg vil tru at vi i distrikts-Noreg ikkje står heilt fremst i pannebrasken deira. Vi må kjempe beinhardt for å få den merksemda og dekninga vi meiner at vi fortener, seier ho.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS