Innenriks
– Fleire oppdrag enn før
Det var lite dramatikk, men fjellredningsstasjonen i Lom hadde langt fleire oppdrag i påska i år enn i fjor, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.
– Det var mange nestenaksjonar, og det er alltid godt når det ikkje skjer noko alvorleg, men at vi blir varsla og brukt fortel at det er behov for fjellredningsstasjonen.Det er korpsleiar Tåsten Nordal, Albert Lunde og Jon Are Fjeld i Lom og Bøverdalen hjelpekorps som trekkjer denne slutninga ved vaktslutt andre påskedag.
Etablert i 1976
Neste år er det 40 år sia fjellredningsstasjonen i Lom vart etablert. I mange år var det storstila opplegg der det meste vart dekt av styresmaktene. Nå er det eit samarbeid mellom Røde Kors og Norske redningshundar.
80 vaktdøgn i påska
Det er ikkje alltid like enkelt å fylle opp vaktlistene. I påska er det 80 vaktdøgn, eller åtte personar på vakt kvar dag i 10 døgn.
Fjellredningsstasjonen var aktivert i tre snøras, og helikopteret til Nord var oppe kvar dag.
71 skader
Oppland Røde Kors hjelpekorps fekk innrapportert i alt 71 skader. 34 i terreng, 17 i anlegg og 20 skader andre stader. 41 skader i Sør-Gudbrandsdal, sju i norddalen.
Norsk Folkehjelp Sanitet hadde i alt 48 aksjoner, noko meir enn normalt.
Les meir om saka hjå Gudbrandsdølen Dagningen