Ambulanseorganisering

Fekk tilbake påskeberedskapen

Det skal framleis vera to ambulansar i beredskap i påske- og vinterferien i Sauda. Men alle helseføretaka manglar ambulansesjåførar.

Publisert Sist oppdatert

Det skal framleis vera to ambulansar i beredskap i påske- og vinterferien i Sauda. Men alle helseføretaka manglar ambulansesjåførar,skriv Ryfylke.

– Veldig positivt. Helse Fonna-leiinga gjekk gjennom beredskaps-evalueringa og er heilt einig i at det skal vera to ambulansar i beredskap i påske- og vinterferien. Det var ikkje nokon diskusjon, eingong, seier kommuneoverlege Brita Øygard etter avklaringsmøtet med leiinga i helseføretaket nyleg.

Kommuneoverlegen slo etter årets påskeutfart fast at ambulanseberedskapen hadde vore for dårleg. Medan det til vanleg har vore to akuttambulansar på vakt i denne høgtida med svært mange tilreisande skigjester, var det i år berre ein bil tilgjengeleg.

I si evaluering av ambulanseberedskapen i årets påske- og vinterferie viste Brita Øygard til fleire tilfelle av samtidighetskonflikt, det vil seia at ambulansen alt var ute på oppdrag då nytt haste- eller akuttoppdrag vart meldt inn.

I dag er kommuneoverlegen glad for at Helse Fonna-leiinga tok argumentasjonen frå Sauda til seg. Dermed er det slått fast at det framleis skal vera to akuttambulansar i Sauda i påske- og vinterferien.

Les meir hjå Ryfylke

Powered by Labrador CMS