Hopp til hovedinnhold


Fekk ikkje kontakt

Netcom-kundar i både Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Vest-Agder opplevde i morgontimane måndag at dei ikkje kom i kontakt med naudetatane, melder NRK Sogn og Fjordane.

Politiet bad folk ta kontakt på andre nummer.
Like før klokka 11 måndag føremiddag melder NetCom at dei har fått kontroll på problema.
– På grunn av fiberbrot hos Telenor har enkelte av våre kundar opplevd problem med å ringe fastnummer, spesialnummer og naudnummer.
– Etter at vi har omdirigert trafikken fungerer dette no som normalt for våre kundar på Sørlandet og Vestlandet. Vi beklagar dei ulempene dette har medført for våre kundar, skriv NetCom i ein e-post.
Les meir om saka hjå NRK