Hopp til hovedinnhold


Fastlegar ringer langt oftare etter ambulanse for sjuke eldre

På fire år har ambulansen hatt ei firedobling i transportar av pasientar til legekontor. Fleire sjuke eldre er blant forklaringa.

Knut Egil Eik, tillitsvalt for fastlegane i Ålesund kommune, meiner utviklinga heng saman med at fleire eldre og sjuke bur heime lenger, nedlegging av omsorgssenter og at kommunen slit med å rekruttere både fastlegar og kvalifisert helsepersonell i eldreomsorga. Dette skriv Sunnmørsposten (Krev innlogging).

– Strekker seg langt for oss

– Vi opplever at kombinasjonen av fleire eldre og sjuke heime, og redusert kapasitet i heimetenesta, fører til at dei oftare må ringe fastlegen.

Då må vi vurdere pasienten basert på ein usikker tilsett i heimetenesta sine observasjonar der og då. Det er svært krevjande, og fører ofte til at vi må få brukaren til legekontoret for vurdering, seier Eik.

Ofte er brukaren for sjuk til å kome seg til legekontoret for time på eiga hand.

– Oftast fører det til at fastlege ringer ambulanse. Alternativet er å avlyse planlagde konsultasjonar for å rykke ut sjølv, med den konsekvens at fire til åtte konsultasjonar må skyvast på eller flyttast til ein annan dag. Ambulansen strekker seg langt for oss.

Fleire ambulansar til legekontor

Stadig oftare rykker ambulansene ut for å levere ein pasient til eit legekontor i Ålesund, viser tal Sunnmørsposten har henta ut frå Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK):

• Transportar med grøn og gul hastegrad direkte til legekontor i Ålesund er firedobla, frå 29 transportar i 2017 til 111 i 2021.

• Transport med grøn og gul hastegrad direkte til legevakt har auka frå 140 i 2017 til 226 i 2021.