Hopp til hovedinnhold


Får likevel tilgang til AMK sin lydlogg

Politiet får likevel tilgang til AMK sin lydlogg etter dei brutale drapa på Valdresekspressen. Allereie to dagar etter trippeldrapa bad dei om tilgang, men først i går kveld vart partane samde, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Politiet har tidlegare fått oversend ein skriftleg versjon av delar av lydloggen, men meinte det ikkje var godt nok og ville ha den fullstendige lydfila.
Men Helse Førde sa først nei. Dei viste til helsepersonellova som seier at slikt personell har ei særleg teieplikt. Etter ein diskusjon fram og tilbake har helseføretaket og politiet blitt samde.
– Vi har hatt ein diskusjon i forhold til om materialet i lydloggen er underlagt avgrensingar i forhold til reglane for teieplikt, eller om det er grunn til å gjere unntak frå reglane.
– Vi har kome fram til at det vil vere høve for Helse Førde å utlevere dei aktuelle lydloggane til politiet, seier politiadvokat Knut Broberg i Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.
Det er fire veker sidan dei grufulle drapa på Valdresekspressen på veg frå Årdal til Oslo.
Les meir om saka hjå NRK