Hopp til hovedinnhold


Får ikkje bruke helikopterheisen til å redde folk i naud

Ambulansepersonell får ikkje bruke helikopterheisen som skal gjere det lettare å hente personar der dei ikkje kan lande.

Ambulansepersonell får ikkje bruke helikopterheisen som skal gjere det lettare å hente personar der dei ikkje kan lande, skriv NRK Møre og Romsdal.

Ambulansehelikoptera både i Tromsø, Ålesund og Brønnøysund har heiser som ikkje er i bruk.

– Ein kan lure på om det må ei alvorleg hending til før vi får lov å bruke heisen, seier seksjonsoverlege Kristen Rasmussen ved luftambulansen i Ålesund.

Heisen vil gjere det lettare å hente pasienten, utan å måtte lande. Men det får dei altså ikkje.

Årsaka er kanskje litt uforståeleg:

Testing viser at det må fire personar til for å handtere heisen. I Tromsø og Brønnøysund har dei berre tre ombord i ambulansehelikoptera, og sjølv om det er fire ombord i Ålesund, får dei ikkje bruke heisen. Grunnen er at systemet må vere likt for alle.

Det ville vere veldig kompliserande om vi skulle operere forskjellige helikopterbasar med forskjellige operasjonskonsept og forskjellig bemanning, seier Øyvind Juell, daglig leiar i Luftambulansetenestene.

Les meir om saka på NRK