
Evakuering frå norsk fiskefartøy tok nesten 40 timar
Det som i utgangspunktet skulle vere ein kurant pasienttransport frå eit norsk fiskefartøy i russisk sone aust Barentshavet, skulle vise seg å bli langt meir dramatisk.
Tekniske problem på to redningshelikopter gjorde at oppdraget tok nesten 40 timar, skriv Fiskebåt.
Det heile starta søndag 11. oktober klokka 15.14, då Hovudredningssentralen for Nord-Norge (HRS Nord-Norge) fekk inn melding om at ein person om bord i eit norsk fiskefarøy trengte evakuering til sjukehus.
Fartøyet var då om lag 795 kilometer (430 nautiske mil) aust for Vardø mellom Kolgujev-øya og sørspissen av Novaja Zemlja.
Sette kurs mot Vardø
Fartøyet var då i russisk sone, men i samråd med sjøredningssentralen i Murmansk, blei det semje om at HRS Nord-Norge skulle ta ansvaret for oppdraget. Fiskefartøyet sette kurs mot Vardø, og ville vere innafor rekkevidda til Sea King-helikopteret rundt midnatt, natt til tysdag 13. oktober, skriv HRS på si nettside.
Mandag 12. oktober klokka 1740 hadde Sea King-helikopteret tatt av frå Banak, men måtte returnere på grunn av tekniske problem.
Hovudredningssentralen tok då kontakt med det private selskapet Bristow, som opererer eit redningshelikopter i Hammerfest. Dei er lokalisert der på grunn av oljeaktiviteten i området.
Men også Bristow-helikopteret fekk tekniske problem og måtte avbryte oppdraget.
Redningshelikopter frå Svalbard
Det blei då tatt kontakt med Sysselmannen på Svalbard for å høyre om eit av dei to redningshelikoptera som er stasjonert der kunne hjelpe til.
Dei var klare til å rykke ut, men då blei Sea King-helikopteret frå Banak ferdig reparert og kunne likevel ta oppdraget.