Innenriks

Etterlyser krav

Publisert Sist oppdatert

Medan brannvesenet har klare reglar finst det i dag ingen nasjonale krav til ambulansearbeidarar om å halde seg i fysisk form. No har nokon valt å ta saka i eigne hender, melder NRK Sogn og Fjordane.
På ambulansestasjonen i Førde jobbar Oddfrid Solheimsnes og Roger Andre Vie med å gjere bilen klar for nye oppdrag.
Dagen før var dei ute på elleve oppdrag, og Solheimsnes legg ikkje skjul på at dei blir sett på ei prøve fysisk.
– Du kjenner du blir litt lang i armane og sliten i rygg og skuldrer. Det er viktig å ha god fysikk om ein skal greie utføre oppdraga vi møter i kvardagen, seier ho.

Vil la seg teste årleg

Men slik det er i dag finst det ingen nasjonale fysiske krav til ambulansearbeidarar. Kollegaene på luftambulansen og i brannvesenet blir derimot testa kvart år.
I løpet av ein dag på jobb i ambulansen kan det bli ein del venting, og no vil dei ambulansetilsette i Helse Førde bruke meir av tida på trimrommet.
– Eg prøvar å trene kvar gong eg har døgnvakt, seier Solheimsnes.
I nokre helseføretak blir det stilt fysiske krav, men ikkje hos alle. Ambulansearbeidarane i Sogn og Fjordane vil no la seg teste ein gong i året. Dei veit sjølve kor viktig det er å vere i form.
– Om ein pasient ligg i ein fjellskrent og vi kjem heseblesande og skjelv på henda fordi vi er så slitne, så vil ikkje pasienten kjenne seg trygg. Eg trur trening vil kunne gagne både oss og pasientane, seier ambulansearbeidar Roger Andre Vie.

Etterlyser nasjonale krav

Også sjefen for ambulansearbeidarane i Sogn og Fjordane ser positivt på meir fysisk trening.
– Ambulansetenesta er eit fysisk krevjande yrke, der dei som jobbar der blir utsette for store og mentale påkjenningar. Då veit vi at god fysisk helse er viktig, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS