Medieklipp
- Eit mareritt for pasientane
Ambulanseleiar slår alarm.
Ambulanseleiar slår alarm, skriv Nordhordland.
- Dette er eit mareritt for pasientane, seier ambulanseleiar Jarle Førland. Han snakkar om den svært så holete Kvassnesvegen.
Kommunen har planar om å gå drastisk til verks for å setja vegen i skikkeleg stand. Det handlar om strekninga mellom Rema-krysset og ICA-krysset.
- Vi må grava opp vegen og forsterka heile vegkroppen, seier einingsleiar Arne Eikefet.
Håplaus situasjon
Jarle Førland er oppgitt over tilstanden. Han fortel at både pasientar og ambulansepersonale klagar høglydt over situasjonen.
- Med store holer i vegdekket ristar det godt for den som ligg på båre i bilen. Du kan jo berre tenkja deg kor forferdeleg det må vera. For oss som kjører ambulanse og har sjuke folk i bilen er dette ein håplaus situasjon. For dei som er skikkeleg sjuke er det sjølvsagt ekstra hard medfart, sjølv om prøver å kjøra så forsiktig og skånsomt som mogleg, seier Førland.