Hopp til hovedinnhold
Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Eit korona-år i førstelinja: – Vi må berre stå i det til det er over

12. mars i fjor stengde Noreg ned.

For ambulansearbeidar Tore Solbakken og andre i førstelinja i helsevesenet har det vore eit år i beredskap, skriv NRK Førde.

– Vi tenker alltid smittevern. Men vi visste lite om korona og kva det innebar, seier Tore Solbakken, ambulansearbeidar i Helse Førde.

Det har gått eit år sidan landet stengde ned og omfattande tiltak vart innført for å nedkjempe koronaviruset. Solbakken er ein av mange helsearbeidarar som har stått i førstelinja.

I starten var det litt uvant. Eit strengt skilje mellom rein og skitten sone i ambulansebilen. Hyppig nedvask av både bil og uniformer.

– I starten var det uvant å kle seg opp så mykje. No er det meir ein rutine og vane, fortel han.

Må vere på vakt

Koronaåret har vore ei annleis tid, seier ambulansearbeidar Tore Solbakken.

Særleg er akutte situasjonar krevjande. Då skal ambulansearbeidarane handle raskt og samtidig vareta smittevernet.

Samtidig, Sunnfjord har ikkje hatt så mykje smitte samanlikna med dei store byane.

 Korleis har det vore å stå i førstelinja?

– Det har greitt, men vi har hatt i bakhovudet at ting kan endre seg fort. Det såg vi då det var eit smitteutbrot her for nokre månader sidan, då blir vi meir på vakt, legg han til.

Då pandemien braut ut gjekk dei gang med å lage lister med folk kunne jobbe ekstra, ekstra bilar stod klare til bruk.