Hopp til hovedinnhold


Dobbelt så sjuke?

113-sentralen i Bergen får dobbelt så mange telefonar som sentralen i Førde. - Vi har ingen forklaring, seier forskaren bak undersøkinga til Bergens Tidende.
Ei ny undersøking avslører for første gong at det er store forskjellar mellom landsdelane i kor ofte folk ringjer alarmsentralen 113.
Folk i Finnmark toppar lista: Der får 113-sentralen 119 telefonar pr. 1000 innbyggjar i løpet av året.
Nedst på lista er trivselsfylket Sogn og Fjordane. Der får 113-sentralen berre 34 telefonar pr. 1000 innbyggjar i løpet av året. Det er halvparten av innringinga til 113-sentralen i Bergen, som dekkjer mesteparten av Hordaland.

Veit ikkje kvifor

- Vi har ikkje noko openberr forklaring på kvifor det er så stor spreiing, eller noko forklaring på dette spreiingsmønsteret, seier stipendiat Eirin Nybø Ellensen ved Stiftelsen norsk luftambulanse og Universitetet i Bergen.
Ho har gjennomført undersøkinga, som nyleg vart offentleggjort i ein artikkel i Scandinavian Journal of trauma, resuscitation & emergency medicine.
Sjølv om ho ikkje har fått undersøkt kvifor det er så store forskjellar, peikar ho på nokre moglege forklaringar:

- Neppe sjukare i Finnmark

- Som vi nemner i artikkelen kan det vere kulturelle forskjellar, og at det kan ha noko å gjere med ulik organisering av legevakter og legevaktsentralar rundt i landet, seier ho.
Les mer om saken hos Bergens Tidende