Medieklipp

Ambulansehelikopter.

Det er godt Stortinget tenker større enn sjukehuset i Skien

Stortinget har sagt er at det skal vere så likeverdige helsetenester som mogleg i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Dei som bur og oppheld seg i indre Telemark/indre Agder skal få ta del i den akuttmedisinske utviklinga på lik line med resten av landet. Dette skriver ordførar i Vinje kommune (Sp) Jon Richard Kleven i et innlegg i Varden.

I Varden sist veke skriv tre anestesilegar i Skien at dei er nøgd med legebilen i Skien, og at det ikkje er så viktig med ein base for luftambulanse i Vinje. Eg registrerer at sjukehuset Skien med administrasjon og legar dei siste dagane har køyrt ein kampanje mot luftambulanse til Vinje.

Les også: Legebil godt alternativ til luftambulanse i øvre Telemark

Tidspunktet for denne kampanjen er ikkje tilfeldig. Helseministeren satte i eit møte i juni i år frist til 1. september for at helseforetaka skulle kome attende med ein oppdatert basestruktur som inkluderte Vinje/Bykle etter fleirtalsvedtaket på Stortinget i mai i år som ba om det.

No er målet for sjukehuset å stanse denne positive utviklinga som Stortinget har peika på for heile det indre Sør-Noreg.

Dette området er det som er dårlegast dekt i Sør-Noreg (saman med Innlandet). I vårt område er det ikkje sjukehus. Det er 100 km frå Åmot til sjukehuset Notodden. 13 mil til Skien og 13 mil til Odda.

Avstanden til Skien aukar om du er lenger sør eller vest, til dømes Tokke, Hovden, Vågslid, Røldal eller ein annan plass i eit enormt geografisk område der det ferdast mykje folk, er mykje turistar og bur fantastiske flotte folk som også betalar skatt og er ein del av dette landet.

Skal ikkje dei også få ta del i utviklinga av spesialisthelsetenesta og akuttmedisinen i Noreg? Det er tida fram til pasient som er heilt avgjerande ved hjarteinfarkt, hjernebløding, traumeskader m.m..

Anestesilegane skriv om erfaringa med legebilen. Det er underleg at dei heller ikkje skriv om erfaringane med påskebase for luftambulanse som vi har hatt på Rauland og Hovden i fem år. Der rykker luftambulansen ut fleire gongar pr. dag i snitt enn det legebilen i Skien har gjort.

Anestesilege Sollid forklarte på eit møte i Åmot i fjor kor viktig det var å få ein luftambulanse til Vinje/Bykle.

Les hele innlegget hos Varden.

Powered by Labrador CMS